Norsk English

Konsert med Valkyrien Allstars

Storsalen

05.05.2013 16:30

Valkyrien Allstars kjem til Hardanger folkemuseum sundag 5. mai kl 16.30.

Valkyrien Allstars blei etablert i 2002 og består av Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid. Trioen spelar hardingfele og syng, med Tuva som leiande vokal. Inspirasjonskjelda var spellemann og plateprodusent Hallvard Kvåle.

Musikken har rot i det norske tradisjonsmiljøet, men ved å eksperimentere og blande stilar og sjangera har dei utvikla sitt eige lydbilete. Slik vert musikken både nyskapande og internasjonal. Dei leikar seg fram til nye variantar, men alltid med respekt for det genuine. Songen gjev det musikalske biletet ein ytterlegere dimensjon ved å kombinere stev- og kvedar-tradsjonen med eit litt meir urbant og rocka uttrykk. Tekstane er til dels henta frå kjende forfattarar, men og her blandar dei mål og form for å skape sitt eige uttrykk.

Valkyrien Allstars kom til finalen i NRK programet Kjempesjansen, fekk Grappa sin debutantpris og turnerte med Rikskonsertane i 2006. Året etter blei dei nominerte til Spellemannsprisen som Årets Nykommer og kåra til Årets Folkemusikkartist under Folkelarm i Oslo 2008. 

Valkyrien Allstars har hjarte i folkemusikken og sjela i den kreative vidareformidlinga. Med dette vinn dei stadig nye tilhøyrarar som let seg bergta av musikken. Set av sundag 5. mai!