Norsk English

Konsert og dans med Hevd

Hardanger folkemuseum

19.04.2013 19:30

Alle danseglade er ekstra velkomne til Hardanger folkemuseum fredag 19. april kl 19.30 når gruppa Hevd spelar opp til dans.

Orkesteret Hevd vart kåra til vestlandsmeistrar i gamaldans i 2011. Dei har mykje lokal musikk frå Indre Hardanger og Voss på reportoaret, og legg vekt på god dansemusikk og innleving! Hevd spelar for det meste gamaldans, men har ei allsidig besetning, og kanskje kastar dei seg over andre sjangrar og.

Musikarane i Hevd kjem frå Fusa og Hardanger og er sett saman av musikalsk sjef Ole Gjerde på toradar, Sigbjørn Holdhus på kontrabass, Gisle Frydenlund på gitar, Erik Berg på trekkspel og Alexander Røynstrand på hardingfele.

Pub og dans

Dansen vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det dans.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd