Norsk English

Årsmøteseminar med Sylfest Lomheim - ope for alle

Hardanger folkemuseum, Utne

10.03.2013 14:30

Sundag 10. mars held Hardanger Historielag sitt årsmøteseminar på Hardanger folkemuseum. Her vert det mellom anna kåseri med Sylfest Lomheim!

Tidlegare direktør i Språkrådet, no professor ved Universitetet i Agder,  er ein kjend og populær kåsør, debattant og ikkje minst språkentusiast. kl 15 skal Lomheim snakke om Noreg som eit språkleg 'annerledesland' - eit svært aktuelt emne i Språkåret 2013.

Historielaget si største satsing dei siste åra har vore arbeidet med Regionhistorien for Hardanger. No nærmar prosjektet seg slutten med lansering av bokverket på seinhausten 2013.  På seminaret gjev professor Ståle Dyrvik og forlagsredaktør Dag Grønnestad frå Fagbokforlaget oss siste nytt om arbeidet.

Årsmøte for medlemer i Hardanger Historielag startar ein halv time før programstart - kl 14.30.

På seminardagen kan ein elles vert betre kjend med to spennande hardingar gjennom utstillingane om bilethoggaren Lars Utne og om Fotopioneren Anders P. Wallevik. Begge vart opna i november 2012. Det vert omvisningar for dei som ønskjer det. I kafeén kan ein freiste med nydeleg betasup, kaffi og heimebakst.

Museet og kaféen opnar kl 13.30. 

Fri inngang VELKOMEN!