Me er inne i ventetida, ei ventetid full av håp og gleda! Og det
er no på den mørkaste tida me tek fram nostalgien, ljoset og
varmen i oss! Prosjektet har vore førebudd i lang tid og elevane
ved Lægreid skule har hatt kvedarkurs med Reidun og lært "nygamle"
songar som er vorte turka støv av og øvd inn i fleire veker på
førehand.
Elevane er heldige og får med seg profesjonelle musikarar:
Geir Botnen-klaver, Ivar Kolve-percusjon, Frank Henrik
Rolland-hardingfele, Einar Mjølsnes-hardingfele/viola da gamba og
Ole Marius Sandberg-kontrabass. I tillegg vert statsstipendiat
Guttorm Rogdaberg forteljaren i framsyninga. Solist vert
fylkeskvedar Reidun Horvei.
Publikum skal òg få ta del med jolesongar; songar som vart
sungne lang tid attende og andre jolesongar som til og med vart
skrive under ein stikkelsbærbusk midt på sumaren! Konserten er ei
stormønstring som knyter generasjonane saman!