Norsk English

Valseria

Hardanger folkemuseum

22.11.2013 19:30

Gabriel Fliflet kjem til Hardanger folkemuseum! Denne gongen har han med seg Susanne Lundeng, Jørgen Sandvik og Kristoffer Chelsom Vogt. Gled dykk, og sett av fredagskvelden 22. november. Konsertstart 19.30.

Valseria - eit valseverk

Med Valseria vil Gabriel Fliflet redde den truga valsetakta! Saman med Susanne Lundeng, Jørgen Sandvik og Kristoffer Chelsom Vogt serverer han valsar om kjærlege sommaropplevingar, kyrkjegardar og saltstenkte svaberg. Pluss litt bruremarsjar, latinorytmar og rumensk-rytmisk string swing, berre for å skjerpe sansane.

Pub og quiz 

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer