Norsk English

Bjølvefossen på vranga

Hardanger folkemuseum, storsalen

09.09.2012 13:30

Sundag 9. september kl 13.30 opnar utstillinga Bjølvefossen på vranga på Hardanger folkemuseum. Biletkunstnar Hilde Katrine Kjepso står bak utstillinga som har henta motiv og tema frå industribygda Ålvik.

Kjepso er biletkunstnar med utdanning frå Bergen og Kent. Ho arbeider mest med akryl på lerret, og er opptatt av urbane bymiljø og industristader. Bileta framstår som samtidige i formen, er fargesterke, ekspressive og musikalske. Ho er og opptatt av symbolkse bygninger og stader.

Utstillinga er ein del av feiringa av den årlege kulturminnedagen, og vert en del av programmet på Open dag. Direktør på Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Randi Bårtveit, opnar utstillinga, og gitarist Rune Mandelid bidreg med industrielle gitarriff.