Norsk English

Diktardagen 2012

Hardanger folkemuseum, Utne

26.08.2012 14:30

Ellen Einan vert årets diktar! Olav H. Hauge senteret og Hardanger folkemuseum inviterar saman til diktardag i museumstunet sundag 26. august.

Den årlege poesidagen er ein institusjon på Hardanger folkemuseum. Kvart år, like sidan Olav H. Hauge feira 85 årsdag på museet i 1993, samlast poesiinteresserte hardingar og tilreisande i museumstunet for å gjera stas på ein diktar av høg klasse. Frå og med i år er Haugesenteret i Ulvik medarrangør, og arrangementet har bytta namn til Diktardagen.

Dagen startar med høgtidleg nedlegging av steintavle i diktarstien ved dotterar til Einan, Anne Helsing. Me held fram med opplesing v/ diktar Helge Rykkja - også han ein etablert lyrikar og Einan-kjennar.

Diktardagen vert avslutta med konsert med douen Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne.

Ellen Einan

Einan (1931) byrja skrive dikt først som godt vaksen - det var strofane til Olaf Bull, Georg Trakl, Olav H. Hauge ho hadde festet seg ved. Etter debuten med diktsamlinga Den gode engsøster(1982) har ho gjennom ei rekkje seinare samlingar,Jorden har hvisket (1984), Søster natt (1985),Døgnfarvene er mørke (1991),De syv nattstegene (1992), Jade for min engel (1994),Innenfor og utenfor er ett (1999) og Dagen får min uro(2004) skapt eit særeigent, musikalsk poetisk univers.

«Det er ingen i Norge å sammenligne med. Ellen Einan må måles mot de største i utlandet, særlig amerikanske Emily Dickinson.»
- Jan Erik Vold

Ho fekk Aschehougprisen i 2002 og Doblougprisen i 2012. Me gler oss til å tre inn i dette universet, og til å heidre Einan med ei dikttavle.

Helge Rykkja

Rykkja debuterte i 1966 med diktsamlinga BOK på Kommet forlag, eit liteundergrunnsforlag etablert i samarbeid med Jan Erik Vold.

Sidan har han utgjeve flere diktsamlinger og barnebøker. Eit av Rykkjas dikt vart lese opp som advarsel på Stortinget i 1968, noko som førte til at heile opplaget av «Poesi» blei utseld. Rykkja har gjennom arbeidet også kombinert dikt med jazz, franske visetonar, pop, film og dans.

Diktarstien

Diktarstien slynger seg som eit kunstvertk mellom husa i museumstunet. Steintavlene inneheld dikt, storfer og sitat frå mange av våre mest omtykte diktarar. Den fyrste dikttavla var lagt ned alt i 1992, men dagen vart offisielt innstifta i høve Olav H. hauge sin 85 årsdag i 1993. Diktarhovdingen frå Ulvik var sjølv med å ta initiativet til Diktarstien. Desse er representert:

Terje Jonanssen (1992), Olav H. Hauge (1993), Robert bly (1994), Jan Erik Vold (1995), Halldis Moren Vesaas (1996), Georg Johannesen (1997), Kjartan Fløgstad (1998), Ragnar Hovland (1999), Frode Grytten (2000), Rune Belsvik (2001), Anne B. Ragde (2002), Åslaug Vaa (2003), Jon Fosse (2004), Jakob Sande (2005), Ole Paus (2006), Kolbein Falkeid (2007), Eldrid Lunden (2008), Ivar Aasen (2009), Pedro Carmona Alvarez (2010) og Maria Parr (2011).

Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og rektor ved kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Brock Knutsen.