Norsk English

Datering av eldre hus

Agatunet

07.06.2012 19:30

Torsdag 7. juni kl 19.30 held Jan Michael Stornes frå Norsk institutt for kulturminneforskning foredrag om dendrokronologi i Agatunet. Foredraget er ope for alle interesserte.

Dendrokronologi er ein dateringsmetode der ein boreprøvar av treverk. Ved å studera mønsteret i årringane kan ein seia noko om alderen på treet. Stornes er av dei fremste i landet innen fagfeltet dendrokonolog. Han vil fortelja om korleis ein kan nytta dendrokronologi til datering og kva utfordringar møter ein ved bruk av metoden. Eit viktig fokus vert den typiske vestlandsproblematikken med mit i treverket.

Forlesninga er aktuell for eigarar av eldre hus og andre interesserte. Den vert arrangert i samband med eit fagseminar om dendrokronologi som museet arrangerar saman med Hordaland fylkeskommune.