Norsk English

Sesongopning og konsert med Herborg Kråkevik

Hardanger folkemuseum, Utne

06.05.2012 16:30 til 19:00

Det er ei stor glede å ønskje velkomen til konsert med Herborg Kråkevik under årets sesongopning. Opning av åkleutstillinga BRAGD og lansering av ny bok av Jondalskunstnaren Kristi Skinntveit høyrer også med til programmet.  

UTSTILLINGSOPNING OG BOKLANSERING

Tekstil er eit av hovudsatsingsområda for Hardanger folkemuseum, og med årets utstilling BRAGD lyfter vi fram ein av dei verkeleg gamle tekstile framstillingsteknikkane.

Utstillinga tek for seg dei fleste sider ved framstilling og bruk av åkle, frå handsaming av ulla til åkle vert vevd på oppstadvev og flatvev. Det vert og fokus på endring i bruk og på symbolikk og ulike tradisjonar. Åkle frå heile Hardangerregionen, Tysnes og Rosendal er lånte inn og vert viste saman med museet sine eigne samlingar.

Utstillinga er utarbeidd i nært samarbeid med tekstilkunstnaren Kristi Skintveit som i snart 50 år har drive vevstova KristiAneVev. I samband med opninga lanserer Skintveit ny bok -Åklebragder frå Jondal og kring Folgefonna.

KONSERT MED HERBORG KRÅKEVIK

Så vert det konsert med Herborg Kråkevik! Her vil ho framføra ein del songar frå forestillinga ho for tida spelar på Det Norske teateret;Kjære Landsmenn. Det vert dessutan songboksongar både frå Mads Berg og Kråkevik si songbok. Kanskje vert det også eit lite verbalt nummer frå den nye framsyninga. Kråkevik har med seg pianistten Helge Lilletvet på konserten.

Artisten har hatt ei fantastisk karriere. Det var då Herborg møtte gitaristen, komponisten og humoristen Kenneth Sivertsen at ho for alvor traff sitt publikum. Her fekk ho spele ut heile registeret sitt av musikalitet og komikk.

Seinare vart det den sjølvkomponerte framsyninga "Haugtussa" basert på Arne Garborg sine dikt. Prosjekt resulterte i albumet "Mi Haugtussa" og turné. Året etter vart ho henta til Den Nationale Scene i Bergen der Kråkevik slo gjennom som skodespelar i rolla som Eliza Doolittle i "My Fair Lady". Albumet
"Herborgs Verden" selde til platina (over 50.000 eksemplarer) og blei
Spelemannprisnominert, ei brag for ein debutant.

Albumet "Kråkeviks Songbok" som vart laga i samarbeid med TrondheimSolistene kom i 2000. For dette albumet vart ho kåra til Årets Spellemann. Med framsyninga "Eg og Edith" turnerte Herborg i Norge med si tolking av Edith Piaf sine songar. Albumet "Eg og Edith" kom i 2002, og selde til platina.

Dei seinare åra har Herborg spelt i fleire teateroppsetningar; "Victoria" på Oslo Nye Teater i 2004,"Funny Girl" på Den Nationale Scene i 2005 og "Kærlighedens Farve" på Odense Teateri 2006.

Alle framsyningane har vore salgssuksessar, og i Danmark blir Herborg omtala som ei superstjerne. "Herborg & Hope" , eit samarbeid med Christine Hope, gjekk for fulle hus i Bergen og Oslo i 2006/2007.

I 2008 kom albumet "Annleis enn i går". Albumet selde til gull i løpet av eit par måneder. I desse dagar spelar ho i framsyninga "Kjære landsmenn!" og til hausten kjem nytt album.