Norsk English

Konsert og pubkveld med Kraja

Hardanger folkemuseum

13.04.2012 19:30

Det let overjordisk vakkert når vokalkvartetten Kraja syng folkemusikk a capella. Me ynskjer velkommen til konsert pubkveld og quiz på Hardanger folkemuseum fredag 13. april

Kraja er noko så uvanleg som unge veteranar innan svensk folkesong, med sine 10 år som gruppe og med tre plater i bagasjen. På sin nyaste utgjeving, "Brusand hav" har dei fire medlemmene Frida Johansson, Lisa Lestander, Linnea Nilsson och Eva Lestander valt ein ny retning der dei komponerar og produserar all musikken sjølv. Framleis med dei unike harmoniar og klangar som kjenneteiknar Kraja.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer