Norsk English

Konsert og pubkveld med Håkon Høgemo

Hardanger folkemuseum

16.03.2012 19:30

Fredag 16. mars kl 19.30 byr Hardanger folkemuseum på solokonsert og pubkveld med meisterspelemannen Håkon Høgemo.

Høgemo er eit idol og ei inspirasjonskjelde for svært mange i den nye generasjonen hardingfelespelarar, og har vore læremeister for ei rekkje av dagens fremste unge utøvarar. Det er ikkje utan grunn. Høgemo er å rekne som ein bauta i norsk hardingfeletradisjon. Han er stilskapar, skuledannar og utøvar av topp kaliber. Han overraskar og imponerer, og spelar med ein slik presisjon og treffsikkerheit at ein kan misse pusten.
 
Høgemo starta å spele fele som unggut, og gjekk i lære med vossingen Lars Skjervheim. Seinare har læremeistrane vore mange, og han har også vore ein flittig brukar av historiske arkivopptak. På den måten har han tileigna seg eit rikt repertoar, ikkje berre frå Sogn, men også frå Voss, Hardanger, Valdres og Telemark. Og mellom hendene hans har alt fått den umiskjennelege Høgemo-signaturen.
 
Håkon har gjeve ut ei rekkje plater, og i 2000 fekk han Spellemannprisen for plata "Solo", og i 2005 for plata "GamaltNymalt". Mange kjenner også Høgemo frå folkjazz-ensemblet Utla, og seinare har eit omfattande samarbeid med Karl Seglem resultert i ei lange rekkje plateutgjevingar og turnear i inn- og utland. To gongar har han gått til topps på Landskappleiken, og kan elles vise til sigrar på ei rekkje andre kappleikar.
 
Han er til dagleg busett på Osterøy, og arbeider som frilansmusikar i tillegg til å undervise mellom anna på Norges Musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og i kulturskulen.

Meisterspelemenn - solo
Hardanger folkemuseum starta hausten 2011 ein konsertserie der me inviterar dei fremste utøvarane på hardingfele til å halda solokonsert.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer