Norsk English

Hardangerbokdag på Lars Utnes 150 års dag

Hardanger folkemuseum

24.11.2012 14:30

Laurdag 24. november vert det Hardangerbokdag med smakebitar frå det hardangerske bokåret. Og så opnar utstillingane Lars Utne 150 og Fotograf Anders Paulson Wallevik.

Bilethoggar Lars Utne (1862 - 1922) jubilerar i år. Hardanger folkemuseum heidrar Utne med ei jubileumsutstilling som opnar nøyaktig på 150 årsdagen for hans fødsel 24. november. Museet har ei fin samling etter Utne som ein gjerne vil presentera for publikum. Samlinga omfattar eit 50 talls gips- og bronsefigurar, og er største enkeltsamlinga av arbeid etter Utne.

Heidras med utstilling skal og fotograf Anders Paulson Wallevik (1874-1965). Wallevik var odelsguten frå Hardanger som vart fotopioner og visuell historieforteljar av nasjonal rang. Han etterlot seg ei fotosamling på mellom tre og fire tusen glasplater, for det meste fotograferte mellom 1905 og 1940. Desse er eigd av Hardanger folkemuseum, og er no digitalisert. Bileta dokumenterer hendingar og tilstandar frå ei tid då fjorden framleis var vegen for mange, om livet på sjø og land, om kommunikasjon og om handelssamband fra Vestlandet og heilt opp til det nørste nord. Wallevik kjende mange av sine fotoobjekt - han var både deltaker og tilskodar. Dette gir bileta ofte eit svært personleg uttrykk. Elisabeth Vallevik Engelstad har skrevet bok om Wallevik, og fortel frå boka på bokdagen.

Program

Kl 14.30 Utstillingsopning i storsalen

Musikk ved pianist Geir Botnen

Solfrid Borge, ordførar i Ullensvang, opnar utstillingane Lars Utne 150 og Fotograf Anders P. Wallevik

Reidar Storaas fortel om Lars Utne

Elisabeth Vallevik Engelstad fortel om Anders P. Wallevik

Programmet held fram i kafeen

Presentasjon av prosjekt lappeteppe

Boksignering, og høve å handla bøker

Kafé med heimebakst

Hardanger folkemuseum ynskjer alle hjarteleg velkomne!