Norsk English

Konsert og pubkveld med Knut Hamre, Turid Spildo og Johannes Martens

Hardanger folkemuseum

13.01.2012 19:30

Konsert, plateslepp og pubkveld med Knut Hamre, Turid Spildo og Johannes Martens på Hardanger folkemuseum fredag 13. januar kl 19.30.

På kveldens konsert vert det plateslepp. Den rykande feske Eg ser deg er eit sterkt og uttrykksfullt møte mellom folkemusikk og tidlegmusikk. Ola E. Bø skriv:

-Denne innspelinga ønskjer oss velkomne med ein lokk, ein raus invitasjon som kan stå som eit kunstnarleg motto for heile prosjektet: Du ska fao rjomagraut, saudamjølk, jentefang. Uppreidde sengji.

Lokken kling også med i det neste nummeret, ein gangar av Nils Økland bygd på ein komposisjon av barokk-komponisten Heinrich Franz von Biber (1644-1704 ). Gjesteartisten Johannes Martens understrekar her med sitt gambespel instrumentale tradisjonsliner så vel som ein tydeleg ambisjonen om å presentera nye og uprøvde musikalske koplingar.

Turid Spildo og Knut Hamre kjem begge frå Granvin, bygda med hardingfela i våpenskjoldet, og fører vidare ulike liner i spelet frå den folkemusikkrike Hardangerbygda. Turid lærte å spela av bestefar sin, Einar Spildo, Knut mellom anna frå meisterspelmannen Anders Kjærland. Då Knut gjekk i lære såg ein heller mørkt på framtida for folkemusikken, han var meir eller mindre åleine i sin generasjon i Hardanger, eit tungt ansvar som kunne tatt lysta frå nokon kvar. Han har betalt attende med renter, ført meistertradisjonen vidare og vore førebilete og lærar for ein heil generasjon av nye folkemusikarar.

Turid fekk nok si innviing under ein noko lysare himmel og har kanskje derfor vore meir oppteken av nyskaping og eksperiment. Dette kom tydeleg til uttrykk da ho var med og skapte den oppsiktsvekkande folkemusikk-kvartetten Dvergmål og deira originale plateprosjekt Blåberglandet med tekstar av Ivar Aasen.

Platetittelen leier tanken mot slåttestevet til Nøringen; Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma til deg. Her kan det koma til deg meir enn det du får med deg ved første gongs gjennomlytting.

Pub og quiz

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørenen opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd

Filer