Norsk English

Utstillingsopning og konsert

Hardanger folkemuseum

12.06.2011 18:30 til 21:00

Opning av ny salsutstilling - smykkedesign av Reidun Breistig. Det vert også konsert i Storsalen med Kor i Vest og Eli Johanne Rønnekleiv.

Dronning Sonja ber hennar smykker - ho er langt frå ålene. Gullsmed Reidun Breistig er ikkje hyppig frampå med reklamestunts eller marknadsføring. Likevel går det unna. Så langt har det handla mest om nøgde kundar og velklingande jungeltelegraf.

Tittelen på utstillinga er ARV. Den viser til korleis smykker i seg sjølv ofte er gjenstander som går i arv. Dei ber med seg minner og historiar som gjev ein tilleggsverdi og slik er ein kjendslemessig arv. Samstundes så er gullsmedyrket eit av dei eldste handverka i verda - det er likeins ein arv som er verdt å ta vare på.

På utstillinga vil både heilt nye produkter og redesign verte presentert. Redesign betyr at ein nyttar feks gamalt bestikk til andre produkt som ringer, anheng og armbånd. Mange kjem i dag til gullsmeden for å få reparert, sett i stand, eller smelta om for eksempel gullet til nye gjenstander. Det blir garantert mykje vakker smykkekunst å glede seg over. Salsutstillinga vert opna av ordførar i Kvam, Astrid Selsvold. 

 

Konsert med Eli-Johanne Rønnekleiv og Kor i Vest

Sopranen Eli-Johanne Rønnekleiv er utdanna kyrkjemusikar og teolog - i vårt område kanskje best kjend som tidlegare kantor i Ullensvang. Rønnekleiv har lang erfaring både som songar, dirigent og musikar. Kor i Vest har i overkant av 20 medlemmer primært frå vestsida av Ullensvang. På piano finn vi kantor Inger Elisabeth Aarvik.

På konserten vil vi høyre songar av Evert Taube, Alf Prøysen, Jakob Sande i tillegg til bruremarsjar og folkeviser. Med andre ord eit variert repetoar av både kjende og mindre kjende songar. Konserten blir i storsalen på museet.