Norsk English

Offisiell feiring av 100-års jubileet ved Hardanger folkemuseum

Hardanger folkemuseum

07.05.2011 14:30

Laurdag 7. mai blir det stor feiring på Utne med festframsyning, kunstutstillinga Hardanger i 100, og opning av ny fast folkemusikkutstilling.

Hardanger folkemuseum er med sine 100 år det eldste folkemuseet i Hordaland. Allreie på stiftingsmøtet for 100 år sidan vart det klart kva førmålet skulle vere. Kunstmålar Lars Osa held fordrag der han: stærkt poengtered betydningen av at oppbevare gjenstande fra eldre tider til belysning av det liv som blev levet.

Festframsyninga blir ein musikalsk gjennomgang av museet si historie; utstillingane ei mønstring av hardangerkunst og folkemusikk.