Norsk English

Konsert og pubkveld med Markhus og Lid

Hardanger folkemuseum

09.12.2011 20:30

Fredag 9. desember kl 20.30 byr visekameratane Knut Markhus og Lars Sveinung Lid på ein munter aften på Hardanger folkemuseum, med sine underfundige songar om kjærleiken, kjærleiken og atter kjærleiken.

Med seg på konserten har Markhus & Lid dei glitrande musikarane Irene Tillung på trekkspel og Åsgaut Malm Geithus på bass.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørene opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd