Norsk English

Folketonar i ventetid

Røldal grendahus

04.12.2011 17:00

For tredje gang arrangerar Hardanger folkemuseum førjulskonsert saman med ein av skulane i Hardanger. I år går turen til Røldal, ei bygd som er rik på gamle juletradisjonar. Under førjulskonserten Folketonar i ventetid den 4. desember vert tradisjonane tekne opp på ny. 

Med Røldal sine lovande songglade krefter, med over 65 barn og ungdomar, set dei songskatten i Hardanger på kartet og synleggjer korleis denne vesle bygda frå gamalt av har hatt sine eigne juletradisjonar.

"Folketonar i ventetid" er eit av Hardanger folkemuseum sine regionale undervisningsprosjekt for dei sju hardangerkommunane. Røldal er i år utpeika som konsertstaden i Odda kommune. Konserten er ei vandring i den gamle bondekulturen innan song, spel, dans og forteljing. Ei stormønstring som knyter generasjonane saman.

KURS
I november, ein dag i veka, har songaren og songpedagogen Reidun Horvei hatt kurs for alle elevane ved Røldal skule. Ho har teke fram songar som har med juleførebuinga og jula å gjera og som ein kan finna att i tradisjonen frå heile Hardanger.  Songane inneheld mange emne, alt frå jakttid og bakedagar til julesalmar på "klokkardansk". Men ho har òg øvd inn songar som høyrer til tradisjon i dag, til dømes "Julekveld" av Jacob Sande og Lars Søraas.

UTØVARANE
Fleire av musikarane er kjende i Hardanger. Fylkesmusikarne Reidun Horvei - song og Einar Mjølsnes -hardingfele/viola da gamba har knytt til seg Geir Botnen - klaver og Ole Marius Sandberg - kontrabass. Hardanger junior spelemannslag vil også medverka. Statsstipendiat Guttorm Rogdaberg er forteljaren i programmet og vil binda det heile saman. Ole Marius Sandberg er frilans bassist innan ei rekkje sjangrar og har medverka med mange av dei mest profilete utøvarane i Noreg. For tida har han oppdrag for Den Nationale Scene i Bergen.

FOTOSKATT FRÅ HARDANGER
På Hardanger folkemuseum finns 1500 plater og kopiar av bilete som fotograf Anders P. Wallevik (1874-1965) i si tid tok i Hardanger. Overalt han reiste hadde han med seg foto- apparatet. Under framsyninga vil fleire av vinterbileta hans frå Hardanger knyta konserten saman. I tillegg til desse bileta vert òg nokre av fotografia etter Knut Ormsen Saltvold (1880-1974) vist for første gong. Han var truleg den første som fekk seg fotoapparat i Røldal, og etter han finns det omlag 220 negativ i privat eige. Gunnar Kjerland og Torfinn Hus står for den sceniske formgjevinga.

VELKOMNE
Kom og ver med: Her medverkar den nye musikalske generasjonen i Røldal. Gamle soger og songar vert på nytt tekne fram i ljoset. Førjula er ei tid full av forventning og glede! Dette skal me oppleva saman! Etter konserten vert det kaffi, kaker og noko å bita i. Ungdomane i bygda arrangerar.

Konserten er arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og støtta av Den kulturelle skolesekken i Odda, Hardanger folkeminnelag, Hordaland fylkeskommune og Sparebanken1 Hardanger og Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd