Norsk English

Konsert og pubkveld med Novgorod

Hardanger folkemuseum

11.11.2011 19:30

Fredag 11. november kl 19.30 vert det heftig etnisk populærmusikk på Hardanger folkemuseum når gruppa Novgorod inntek konsertscena.

Russiske sigøynarsongar, finsk og jiddisk tango, svensk etnoswing og tyske politiske cabaretstykke. Dette vert noko av repertoaret når gruppa Novgorod kjem til Utne og Hardanger folkemuseum. Gruppa har spesialisert seg på etnisk populærmusikk frå Austersjøtraktane frå1930-50-tallet. Bandet er satt saman av fire profilerte bergensmusikarar: Gabriel Fliflet på trekkspel og song, Kristoffer Vogt på kontrabass og song, David Vogt på fele og song og Jørgen Sandvik på gitar og song. Me gler oss til å ta imot eit skikkeleg energipåfyll i haustmørket.

Konserten vert på loftet i dei nyopna kafélokala. Dørenen opnar omlag ein time før konsertstart. Det vert sal av småmat og forfriskningar, og etter konserten vert det quiz.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd