Norsk English

When the bridge troubles the water

Hardanger folkemuseum

20.10.2011 20:00

Bygginga av Hardangerbrua er full gang. Vegen fram til byggevedtaket var fatta var fylt med engasjement, skuffelse, ny entusiasme, men og med motstand mot brua. Torsdag 20. oktober kl 20.00 opnar utstillinga When the bridge troubles the water på Hardanger folkemuseum. Utstillinga tematiserar denne delen av vår nære historie.

Etter mange år med diskusjon vart det i 2006 endeleg vedteke at Hardangerbrua skulle byggjast. Arbeidet tok til 2007 og brua skal stå ferdig i 2013. Den lokale mobiliseringa og oppsluttinga for brua var betydeleg. Men ikkje alle stader. Særleg i dei områda av Hardanger der ein ikkje får noko nytte av brua vart det mobilisert mot bruprosjektet. Også poliktikarar og organisasjonar utanfor regionen engasjerte seg i saka, anten som tilhengarar eller som motstandarar.

I utstillinga When the bridge troubles the water Ynskjer me å lyfta fram debatten om brua. Utstillinga byggjer på avisutklpp, filmopptak, intervju, sitat, dikt og foto frå ulike kjelder. Kven var aktørane i debatten? Kva var argumentasjonen deira, og kva sto dei for? Korleis mobiliserar ein for saka sin, og korleis handsamar ein meiningsmotstandarar? Kan denne debatten og kasta lys over andre debattar i Hardanger? Korleis kan me som museum formidla tema som er viktige for lokalsamfunna, og der meiningane er så delte?

Både i mobiliseringa for (og mot!) Hardangerbrua har bunaden vore nytta poiltisk. Dette har og vore tilfelle i fleire saker som angår Hardanger, mellom anna i motstanden mot dei sokalla monstermastene. Kvifor vert bunaden stadig nytta som eit slagkraftig ideologisk symbol?

Utstillinga er ein del av Hardanger og Voss museum sitt samtidsdokumentasjonsprosjekt Hardangerbrua - allereide på museum. I dette prosjektet ser me på endringar i samferdsel dei siste hundre åra, og kva dette får å seia for folk i dei ulkie delar av regionen. Prosjektet er støtta av Abm-utvikling/Norsk kulturråd.