Norsk English

Komplett strikkepakke til sjonaleistar

I museumsbutikken sel me no strikkepakkar til sjonaleistar. Pakken inneheld alt ein treng for å strikka desse vakre bunadsokkane.

Sjonaleistar er ankelsokkar som høyrer til draktskikken i Hardanger og på Voss. Dei vart nytta både av kvinner, menn og born. Kring ankelen har dei ein fleirfarga mønsterbord strikka i tveband, medan resten av sokken er kvit.

I museumsbutikken har me no fått inn strikkepakkar med alt ein treng for å strikka sjonaleistar. Sjå bilete og tekst under for innhald i strikkepakken.

Delar av sokken er laga i tvebandstrikk. Her finn du link til film som synar korleis ein legg opp til tvebandstrikk, eit opplegg som òg passar fint til anna strikking: https://vimeo.com/283390781

Her kan du sjå korleis ein kan strikka tveband med mange mønstertrådar: https://vimeo.com/283408535

Strikkepakken inneheld alt ein treng for å strikka sjonaleistar.

Pakken inneheld eit hespe mjuk, ubleika lamull (Vilje frå Hillesvåg) - til foten, samt rikeleg garn til mønsterborden. Dette er eit godt engelsk 5-tråds kamgarn i beste kvalitet, i 7 ulike fargar. Du får og med fin, kvit lintråd om du vil nytta den i mønsterborden for betre kontrast, 4 par messinghektar, og ullstoff til kanting. Du får med eit sett strømpepinnar i storleik 1.25 (stål), og eit sett i storleik 2.0 (alu), og ein eksklusiv, handlaga strikkepinnehaldar som både held maskane på pinnane, held pinnane samla, og forhindrar at de stikk hol i strikkeveska di. (Det er plass til begge pinnesetta i haldaren samstundes, og den fungerar fint med berre det eine og. Den kan nyttas for komplette strømpepinnesett opp til storleik 3,5-4.)

I tillegg får du eit gjennomarbeidd oppskriftshefte med utførleg tekst, illustrert oppleggsforklaring, teikna mønsterrapportar, og vakre foto. Du finn oppskrift på heile seks ulike mønsterbordar, og tre ulike typar hælfellingar.

Alt er samla i eit flott berenett i svart bomull, med lange hankar og påskrift #sjonaleistar i raudt.

Ta kontakt med oss på post@hvm.museum.no eller telefon 47 47 98 84 om du er interessert i strikkepakken! Den kostar 795,-. Om du ynskjer den tilsendt tilkjem frakt- og forsendingsutgiftar. Du kan betala med Vipps og PayPal.

****

Strikkepakken er utarbeidd av ein arbeidsgruppe beståande av Kristi Nilsen, Hege-Therese Nilsen frå Norges Husflidslag, Åslaug Eikrem Utne frå Folgefonn Husflidslag, Helena Kjepso frå Voss folkemuseum, og Agnete Sivertsen og Line Iversen frå Hardanger folkemuseum. Kristi Nilsen har utarbeidd oppskrifta med ulike mønsterborder og hælfellingar.

Hordaland Husflidslag og Hillesvåg ullvarefabrikk har støtta prosjektet.