Norsk English

Prosjektleiar Hardingfelesenter

Ann Kristin Kjerland er tilsett som leiar for prosjektet Hardingfelesenter i Hardanger. Kjerland tok til i stillinga 1. februar.

Kjerland er hardingfelespelar, busett i Ålvik. For tida skriv ho på ei masteroppgåve i folkemusikk ved Høgskulen i Telemark. Inntil nyleg sat ho i styringsgruppa for prosjektet som representant for Hardanger spelemannslag. Ho tek til i stillinga umiddelbart, og skal ha arbeidsplass på Utne.

Prosjektleiaren skal samen med styringsgruppa for prosjektet arbeida fram eit fram legg til innhald og organisering av senteret. Dette skal mellom anna munna ut i ein søknad til fylket i 2013 om KUP-midlar til eit hovudprosjekt.